Lærling i produksjonsteknikkfaget | |
Hjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr. Kraftfôret vert distribuert i
nærområdet, medan kjæledyrfôret til hund og katt, vert sendt ut til heile
landet og eksportert til Sverige. Lærlingane vekslar mellom å overvake ulike
prosessar frå kontrollrommet og å være ute i produksjonslokala for kontroll og
sjekk av kvalitet, maskiner og utstyr. HMS er også ein viktig del av opplæringa
deira. Opplæringa skal gje lærlingane kompetanse
i drift av operative arbeidsprosessar. Det vil seie utvikling av kompetanse i
framstilling av produkt og styring av prosessar frå råmateriale til
sluttprodukt i industrien. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør
i produksjonsteknikk. Dei tre lærlingane
fortel alle at dei stortrivast i jobben sin. Dei likar at jobben er variert og
ansvarsfull, samstundes som den krev konsentrasjon og gode samarbeidsevner.
Lærlingane nemner i tillegg det gode arbeidsmiljøet i bedrifta som ein viktig
trivselsfaktor. Som lærling i
faget er det tre hovudområder dei får opplæring i: produksjon, vedlikehald og
dokumentasjon/kvalitet. Det er mange ulike arbeidsoppgåver som kjem inn under
dei tre hovudområda. Fyrst og fremst måtte lærlingane sette seg inn i dei to
hovudprodukta Felleskjøpet produserer på Vaksdal, varesortimentet og korleis dei
blir framstilt. Deretter byrja opplæringa innan dei ulike felta: råvarer,
resepthandtering, tappeliner, kvalitets- og beholdningskontroll, smøring og
vedlikehald av maskineri, reinhald/vedlikehald, analyse av prøver, omstilling, kjøling
og tørking. Og ikkje minst; kvalitetsoppfølgjing. Ekspedisjonsrutiner som pakking,
ordre-/kundehandsaming og distribusjon er også felt som inngår i opplæringa
deira. Noko som lærlingane
tykkjer har vore særs interessant, er dei vekene med opplæring saman med
mekanikar og elektrikar på bedrifta. Dei har vore med kvar av dei i 4 veker, og
lært mykje om vedlikehald og feilsøkjing i produksjonen. Sidan dei
produserer fôr,
er det særs strenge krav til hygiene i alle prosessar. Sikkerheitskontrollar
både i produksjonen og av utstyr vert utført etter gjeldande normer gjevne av
Mattilsynet og Arbeidstilsynet. Når lærlingane er
på opplæring i produksjonen, går dei to skift, og følgjer ein fast mentor i
opplæringstida. På formiddagsskiftet deltek dei på daglege morgonmøter, eller
LEAN-møter - der HMS, kvalitet og andre viktige tema vert tekne opp. På ein
vanleg arbeidsdag der alt går som planlagt, er dei storparten av tida i
kontrollrommet der dei via datasystema overvåkar ulike produksjonsprosessar.
Men innimellom skjer det ting, og då må dei gjerne ut i produksjonen for å
sjekke opp kva som er utfordringa. Ein positiv effekt av å vere
lærebedrift og ha lærlingar, er at andre tilsette også har vald å ta fagbrev. Personar
med 5 års relevant praksis kan ta fagbrev som praksiskandidat, og fleire har dei
seinare åra nytta seg av denne ordninga og blitt fagoperatørar, dei også. Slik
sett får Felleskjøpet ein stadig meir kompetent arbeidsstokk. Bedrifta har for tida også
ein lærling i logistikkfaget, som får opplæring på lageravdelinga i bedrifta. «For oss på Felleskjøpet
Agri avdeling Vaksdal, har det å ha tilgang til slike dyktige lærlingar, vore
til stor hjelp ved fleire tilfelle på bedrifta», fortel fagansvarleg Lars Jakob
Ulveraker. «Me har kunne bruka dei overalt i prosessane våre dersom me har hatt
akutt behov for hjelp. Dei er ikkje redde for å utfordra seg sjølve når dei får
ansvar, og det burde væra ein god attest å ta med seg vidare». |
23.03.2020 | |
![]() Lærling i produksjonsteknikkfagetHjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr: Les meir.. | |
19.02.2020 | |
Ledige læreplassar 2020 Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ei rekke ulike fag. Les meir..
| |
18.02.2020 | |
| |
25.02.2019 | |
| |
05.03.2018 | |
![]() Nokre av våre medlemsbedrifter har enno ledige læreplassar våren 2018. For stillingane er det søknadsfrist snarast (pr. 11.mai) Les meir..
| |
05.03.2018 | |
Mange nye fagarbeidarar
![]() Det er gledeleg å registrere at fleire og fleire vel å bli fagarbeidarar.
På den årlege utdelinga av fagbrev i januar, var det heile 35 nye fagarbeidarar som fekk utdelt fagbreva sine av ordføraren i Voss.
2017 vart dermed eit rekordår. Les meir..
| |
Ledige læreplassar | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..
| |
03.10.2016 | |
| |
17.08.2016 | |
Framleis ledige læreplassarPr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..
| |
11.03.2016 | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..
| |
08.03.2016 | |
| |
02.12.2015 | |
![]() Salsfaget - mitt lærefagPå Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..
| |
30.10.2015 | |
| |
19.11.2014 | |
Fyrste lærlingen i HordalandJens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..
| |
22.10.2014 | |
![]() Byggdriftarfaget - nytt fagbrevVaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..
| |
15.04.2014 | |
| |
14.02.2014 | |
![]() Mitt yrke"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..
| |
29.01.2014 | |
| |
22.02.2013 | |
| |
21.02.2013 | |
| |
30.01.2013 | |
| |
17.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
![]() Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfagetDet var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..
| |
11.12.2012 | |
![]() Heldige lærlingar til SpaniaOpplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..
| |
11.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
|