Fyrste lærlingen i Hordaland
Kvifor valde du dette yrket? «Det var nok litt tilfeldig», fortel Jens Martin. «Eg starta på Myrkdalen Hotel på kjøkkenet -i oppvasken. Seinare fekk eg tilbod om å bli vedlikehaldsarbeidar då stillinga blei ledig. Eg har to års relevant utdanning frå vidaregåande skule. Dette med fagbrev kom opp som tema då vi fekk greie på det nye byggdriftarfaget. Etter å ha kontakta Opplæringskontoret ordna det seg ved at eg fekk plass på teorikurset som Vaksenopplæringa arrangerer, og deretter blei bedrifta godkjend lærebedrift, og sjefen stilte seg positiv til at eg fekk læreplass i staden for å vere vedlikehaldsarbeidar». Kva type arbeidsoppgåver har du? «Det er ulikt frå dag til dag. Eg ryddar og held orden både ute og inne, driv med På biletet sjekkar Jens Martin og fagansvarleg Nils Eirik Gregersen trykket på varmebatteriet på eit av hotellet sine mange ventilasjonsanlegg. Kva utdanning/kvalifikasjonar må ein ha som byggdriftarlærling? «Utgangspunktet er at ein har Vg1 bygg og anleggsteknikk. Sjølv har eg også Vg2 byggteknikk. Elles er det viktig å vere praktisk og like å kommunisere med folk, ein snakkar gjerne med mange i løpet av ein arbeidsdag», fortel Jens Martin. Fagopplæringskontoret informerer om at hovudløpet for ein lærling i byggdriftarfaget er Vg1 bygg og anleggsteknikk, deretter 3 års læretid i bedrift. Kva er det beste med yrket ditt? Svaret på spørsmålet kjem raskt: « Det at ingen dagar er like, og at det er det er so stor variasjon i dei ulike arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen». Han tykkjer at dette gjer jobben spennande og utfordrande. Kva mogelegheiter finnast innan yrket ditt etter fullført læretid? «Eg er heldig som hadde jobb frå før av på hotellet, og får difor tilbod om jobb her etter læretida også. Då vonar eg å få større ansvar og fleire sjølvstendige arbeidsoppgåver etterkvart som eg opparbeider meg erfaring».
«Denne hausten lærer vi hovudsakleg om HMS, internkontroll-system, databruk og elektro, samt at vi får ei praktisk øvingsoppgåve», seier lærlingen. Kontroll av motorvernbrytarar til sirkulasjonspumpe og komponentar til SD-anlegget er ein del av dei faste rutinene Jens Martin får opplæring i. Jens Martin er den einaste lærlingen på kurset som Vaksenopplæringa arrangerer. Dei 21 andre deltakarane er deltakarar med mange års praksis frå vaktmeisteryrket, og som har planar om å ta fagbrev som praksiskandidat når eksamen er bestått neste år. Fagansvarleg Nils Eirik Gregersen deltek også på kurset, då han tykte det var svært interessant å få auka kompetanse ved å ta det nye fagbrevet. Frå før av har han fagbrev som tømrar. Kva er det beste med lærebedrift di? «Det at eg har so gode kollegaer og at det er eit svært godt arbeidsmiljø her. Vi er tilsette frå fleire land som jobbar her, men alle snakkar med alle og ikkje nokon vert utelatne. Elles har eg ein god tone med min fagansvarlege, og det er betyr mykje. I tillegg vert eg godt ivareteken av bedrifta ved at eg får delta på relevante og aktuelle kurs som eg har god nytte av i jobben min», avluttar ein nøgd lærling. |
23.03.2020 | |
![]() Lærling i produksjonsteknikkfagetHjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr: Les meir.. | |
19.02.2020 | |
Ledige læreplassar 2020 Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ei rekke ulike fag. Les meir..
| |
18.02.2020 | |
| |
25.02.2019 | |
| |
05.03.2018 | |
![]() Nokre av våre medlemsbedrifter har enno ledige læreplassar våren 2018. For stillingane er det søknadsfrist snarast (pr. 11.mai) Les meir..
| |
05.03.2018 | |
Mange nye fagarbeidarar
![]() Det er gledeleg å registrere at fleire og fleire vel å bli fagarbeidarar.
På den årlege utdelinga av fagbrev i januar, var det heile 35 nye fagarbeidarar som fekk utdelt fagbreva sine av ordføraren i Voss.
2017 vart dermed eit rekordår. Les meir..
| |
Ledige læreplassar | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..
| |
03.10.2016 | |
| |
17.08.2016 | |
Framleis ledige læreplassarPr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..
| |
11.03.2016 | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..
| |
08.03.2016 | |
| |
02.12.2015 | |
![]() Salsfaget - mitt lærefagPå Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..
| |
30.10.2015 | |
| |
19.11.2014 | |
Fyrste lærlingen i HordalandJens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..
| |
22.10.2014 | |
![]() Byggdriftarfaget - nytt fagbrevVaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..
| |
15.04.2014 | |
| |
14.02.2014 | |
![]() Mitt yrke"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..
| |
29.01.2014 | |
| |
22.02.2013 | |
| |
21.02.2013 | |
| |
30.01.2013 | |
| |
17.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
![]() Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfagetDet var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..
| |
11.12.2012 | |
![]() Heldige lærlingar til SpaniaOpplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..
| |
11.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
|