Stolte Fagfolk![]() Voss og nabokommunane har fått 30 nye fagarbeidarar. Alle har vore tilsette i medlemsbedriftene til Opplæringskontoret. Fredag 24.januar fekk dei utdelt fagbrevet sit i glas og råme av ordførar Hans-Erik Ringkjøb, på det årlege arrangementet på Park Hotell. Ordførararen hadde mange lovord med på vegen til deltakarane, og meiner fagarbeidarane har mykje å seie for distriktet. "Lokalsamfunnet treng folk som kan faget sitt", seier ordføraren. "Mange vert verande i bygda, når dei kan ta utdanning lokalt. Og desse tilfører bygda kompetanse, noko som igjen gjer bedriftene meir konkurransedyktige. Kompetente fagfolk styrkjer regionen". 30 fagbrev Av dei 30 fagfolka var tjuefem tidlegare lærlingar og 5 praksiskandidatar. Det er stor breidde i fagområda, som fordeler seg på 11 ulike fag: helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, anleggsmaskinførarfaget, betongfaget, bilskadefaget, bilfaget, elektrikarfaget, IKT-servicefaget, industrimekanikarfaget, røyrleggjarfaget og tømrarfaget. Opplæringskontoret for Indre Hordaland står for arrangementet, der det både var middag og underhaldning for fagarbeidarane og lære-veksemdene. Stemninga var stor då dei unge gutane i The Vossa Rebels inntok sena og leverte rockabilly-musikk med ein slik entuiasme og rytme at det var vanskeleg å sitja roleg på stolen. Nye mogelegheiter Blant dei festkledde deltakarane, fann vi både stolte fagansvarlege, daglege leiarar og ikkje minst glade fagarbeidarar. " Med fagbrev opnar det seg mogelegheiter for fast jobb, meir ansvarsfulle arbeidsoppgåver og høgare løn. Samt vidare utdanning for dei som vil det.» Dette er utsagn som går igjen frå fleire av dei nye fagarbeidarane, som har all grunn til å vere nøgde meg seg sjølve på ein kveld som dette. Tilby lærlingeplass Konferansier for kvelden og tidlegare dagleg leir ved HMV Bilsenter, Steinar Hjørnevik, hadde og ei oppmoding å kome med til lærebedriftene: "Når ein brukar tid og energi på å lære opp ein lærling gjennom fleire år, ynskjer ein gjerne å behalde vedkomande etter endt fagprøve. Men i dag er dei unge meir mobile enn før og finn seg kanskje arbeid hjå andre bedrifter. Om de likevel ikkje får behalde fagarbeidaren, so håpar eg de ser viktigheita av å jamleg ha lærlingar. På den måten får vi vidareformidla til dei unge kompetansen vi set med i bedriftene - det tener både distrikta og dei ulike bransjane."
|
23.03.2020 | |
![]() Lærling i produksjonsteknikkfagetHjå Felleskjøpet Agri - avdeling Vaksdal, er tre av dei tilsette lærlingar i produksjonsteknikkfaget. Dei tre er Andreas Hesjedal, Stian Olsnes og Stian Nyheim Hammer Verpelstad. Dei får opplæring i å drifte, utvikle og forbetra produksjonsprosessane i framstillinga av kjæledyrfôr og kraftfôr: Les meir.. | |
19.02.2020 | |
Ledige læreplassar 2020 Våre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ei rekke ulike fag. Les meir..
| |
18.02.2020 | |
| |
25.02.2019 | |
| |
05.03.2018 | |
![]() Nokre av våre medlemsbedrifter har enno ledige læreplassar våren 2018. For stillingane er det søknadsfrist snarast (pr. 11.mai) Les meir..
| |
05.03.2018 | |
Mange nye fagarbeidarar
![]() Det er gledeleg å registrere at fleire og fleire vel å bli fagarbeidarar.
På den årlege utdelinga av fagbrev i januar, var det heile 35 nye fagarbeidarar som fekk utdelt fagbreva sine av ordføraren i Voss.
2017 vart dermed eit rekordår. Les meir..
| |
Ledige læreplassar | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har mange ledige læreplassar i ulike fag våren 2017. For alle stillingane, er det søknadsfrist 31.mars. sjå oversikt på neste side. Les meir..
| |
03.10.2016 | |
| |
17.08.2016 | |
Framleis ledige læreplassarPr 15.september 2016 er det framleis 3 ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter; 1 læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, 1 læreplass i logistikkfaget og 1 læreplass i idrettsanleggsfaget. For meir informasjon om stillingane, Les meir..
| |
11.03.2016 | |
![]() Ledige læreplassarVåre medlemsbedrifter har våren 2016 ledige læreplassar i 9 ulike fag; anleggsmaskinførar, bilfaget, idrettsanleggsfaget, industrimekanikarfaget, tømrarfaget, murarfaget, betongfaget, helsearbeidarfaget og borne- og ungdomsarbeidarfaget. Felles søknadsfrist for alle stillingane er 10.april 2016. Les meir..
| |
08.03.2016 | |
| |
02.12.2015 | |
![]() Salsfaget - mitt lærefagPå Dale Trafikksenter står kunden i fokus. Det kan lærling Simen Frotveit skrive under på. Han tykkjer det kjekkaste med salsfaget er nettopp å treffe kundane, snakke med dei og yte god service. «Det er viktig å kunne lese kunden - sjå om dei har tid til å slå av ein prat eller om dei er hastige og skal vidare. Eg prøver å sjå det an, slik at kunden opplever best mogeleg service», fortel han. Les meir..
| |
30.10.2015 | |
| |
19.11.2014 | |
Fyrste lærlingen i HordalandJens Martin Svennes er den aller fyrste og einaste lærlingen i byggdriftarfaget i Hordaland fylke. På landsbasis er det berre registrert 2 byggdriftarlærlingar, opplyser Fagopplæringskontoret (pr. 1.nov. 2014). Faget er nytt, og blei godkjend i august i år. Tidlegare har det ikkje vore noko formelt krav til kompetanse i faget. Ein byggdriftar har normalt ansvaret for drift og vedlikehald av bygningar og tilhøyrande uteområder. I oktober gjekk Jens Martin over frå å vere vedlikehaldsarbeidar til å bli lærling hjå Myrkdalen Hotel. «Ingen dagar er like, og det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene og arbeidsdagen min», svarar Jens Martin på spørsmål om kva han likar best i denne jobben. Les meir..
| |
22.10.2014 | |
![]() Byggdriftarfaget - nytt fagbrevVaksenopplæringa på Voss starta i oktober opp kurs i byggdriftarfaget. 22 spente kursdeltakarar vil ein kveld i veka få undervisning i det nyleg godkjende faget. Kurset vert avslutta med skriftleg eksamen våren 2015. Deltakarane jobbar til dagleg med drift og vedlikehald av bygningar både i privat og kommunal sektor. Bestått eksamen i kombinasjon med 5 års relevant praksis/utdanning gjev deltakarane mogelegheit til å gå opp til fagprøve som praksiskandidatar. Ved bestått fagprøve, vil deltakarane vere blant dei aller fyrste i Noreg som innehar fagbrev i byggdriftarfaget. Vår medlemsbedrift Myrkdalen Hotel har tilsett den fyrste lærlingen i faget i Hordaland, og både han og hans fagansvarlege deltek på kurset. Les meir..
| |
15.04.2014 | |
| |
14.02.2014 | |
![]() Mitt yrke"Det beste med denne jobben er når brukarane viser glede og takksemd for at vi er her for dei. Det skal so lite til for å glede dei, og når eg opplever å bety noko for andre, vert eg også glad». Uttalen kjem frå Aina Kvitne, engasjert lærling i helsearbeidarfaget hjå lærebedrifta Voss kommune. Les meir..
| |
29.01.2014 | |
| |
22.02.2013 | |
| |
21.02.2013 | |
| |
30.01.2013 | |
| |
17.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
![]() Fleire fagarbeidarar i idrettsanleggsfagetDet var fem glade gutar som siste veka i oktober bestod fagprøven i idrettsanleggsfaget. Dei har gått to år i lære ved skianlegga i Myrkdalen og på Voss, etter at dei fyrst gjekk to år på idrettsanleggslina ved Voss Jordbruksskule. Idr.anlegg/anleggsgartnarline har dei også ved Hjelnes Vidaregåande i Ulvik. Gutane er no blant dei fyrste i Noreg som har dette fagbrevet - der læretida har vore i eit heisanlegg (okt. 2012). Les meir..
| |
11.12.2012 | |
![]() Heldige lærlingar til SpaniaOpplæringskontoret for Indre Hordaland er hausten 2012 tildelt Leonardo da Vinci-stipend på til saman kr 60.000. Tilskotet gjeld for 2 lærlingar i reiselivsfaget. Dei vil få ein praksisperiode på 13 veker kvar hjå ei aktuell reiselivsbedrift i byen Murcia i Spania. Les meir..
| |
11.12.2012 | |
| |
11.12.2012 | |
|