Reservedelsfaget for bil | |
Ein reservedelsekspeditør skal sørge for at kunden og mekanikar får rask tilgang til deler og utstyr til køyretøy.Vanlege arbeidsoppgåver er kundehandsaming og rettleiing, ekspedering av reservedeler og tilbehør, handsaming av reklamasjonar, lager- og økonomistyring og innkjøp. Det er viktig å ha gode køyretøytekniske kunnskapar, kommunikasjonsevner, kunne yte service og møte kunden på ein positiv måte. Utdanning: Vg1 elektrofag eller teknikk og industriell produksjon Vg2 køyretøy To år opplæring i bedrift: reservedelsfaget Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. |